Eg er ein gjest i verda, På reis som framand her. Den trøyst eg har på ferda: Min heim i himlen er. Langt bort om tidsens strand Der strålar livsens land. Eg er ein gjest i verda, Min heim i himlen er. Der har eg mine kjære, Der skal me møtast att Og evig saman vere Ein dag forutan natt. Der er min Frelsar god, Som flyta let sitt blod. Eg er ein gjest i verda, Min heim i himlen er. Der finst ei gråt og kvida, Der finst ei sorg og nød, Der slepp mitt hjarta lida, Der finst ei synd og død. Der vert eg evig fri Og himlens gleda mi. Eg er ein gjest i verda, Min heim i himlen er.