Kishore Kumar Hits

Rita Engebretsen - Husmannsdottera lyrics

Artist: Rita Engebretsen

album: Frem Fra Glemselen - Kapittel 4


Det er no ein fortelling eg herom sjunga vil,
Det er no om to unge som fekk hinannen kjær.
Dei var frå kvar si stova, frå ein og kvar sin gard,
Men kjærlighet i hjarta dei te kvarandre bar.
Han var den stolte sønn te den rike jordamann,
Ho var ei husmannsdotter og åtte kje det grann.
Ho måtte ut å tjena ho va kje femtan år,
Ho va kje konfirmerad, dei skildes ad med gråt.
Då Karl konfirmerad var hans foreldre sa:
Du friar te den jenta, det blir kje nåkka av.
Han måtte ut å reise, dei sende han avstad,
Han sko te Seminaret, te gløyma jenta si.
Dei åra dei vart lange, det kan du lita på,
Og mangt eit brev han sendte heim te si jenta snål.
Det gleda hennes hjarta, det letta hennes sinn,
Og kjærlighet i augo det gjore jenta fin.
Då dei to år var omme og Karl kom heim igjen,
Eksamen hadd han tatt og fått karakteren EIN.
Då tenkte hans foreldre: Nå er det visst forbi,
Han kan kje lenger lika den simple jenta si.
Det var ein vakker haustkveld han sat å kikka ut,
Då gjekk ho forbi glaset hans unge vakra brud.
Nå var ho bleven vaksen med raude rosenkinn,
Då sukka han av hjarta for lille vennen sin.
Kva nytta det han sukka, kva nytta det han gret,
Når hans foreldre nekta han denne jenta plent.
For tar kje du den rike så får du gå din veg,
Så måtte han forlate si jente snål og grei.
Det var ein vakker laurdagskveld og månen skein så blank,
Ho hoppa ut i fossen og dei såg ho aldri meir.
Det er den største dårskap som tenkas kan på jord,
Og gjeva bort sin kjærlighet til den man ei kan få.

Поcмотреть все песни артиста

Other albums by the artist

Similar artists