Kishore Kumar Hits

Stein Torleif Bjella - Halde maska lyrics

Artist: Stein Torleif Bjella

album: Bjellasangar arrangert for messing og tre


Kan du hugse kiosken i sentrum
No er den stengt for godt
Ivar flutte heim te Hokksund
Han klara seg nok
Me kunne køyrt te Ivar ein tur
Reist alt no i januar
Eg veit omtrent kor han bur
Køyrt heim jøno Eggedal
Bilturen kan bi vår nye start
På noko som ska bi stort
Det er nok lurt å reise snart
Alt kan vera over so fort
Om du tvila og fær ein knekk
Stoppe me ved Krøderen Kro
Der bur det krefti som driv vekk
Det som øydela for uss to
Eg og vil seile
På kjærleikens sjø
Ankre upp ved ei øy
å halde maska er å døy
Når to sjeli slær seg i lag
Ska noko større skje
Det må du minnast på ein dag
Du har visst gløymt det
å prate mens bilen går
Va eingong vårt tidsfordriv
No er eg lei stille år
Eg er lei hemmeleg liv
Eg og vil seile
På kjærleikens sjø
Ankre upp ved ei øy
å halde maska er å døy
Sjøl om gamlesåret opna seg
Og blør endå ei gong
Hugs at eg alder gir meg
Me kan køyre før mørkret kjem
Vera i bilen før tre
Vera på Hokksund rundt fem
Det ska kje stå på meg
Eg og vil seile
På kjærleikens sjø
Ankre upp ved ei øy
å halde maska er å døy

Поcмотреть все песни артиста

Other albums by the artist

Similar artists