Skulle gått ein tur te Sundre Berre for å gå. So eg slepp å stå og undre Om det va noko eg burde sjå. Det er ingenting å le tå Det har skjedd store ting før. Eg mangla ord når eg ser på Sikre kara som alder spør. Eg bur øvst i bygde-Norge Ha liggji lengji nok på lur. No spankulera eg over torget Her kjem Tiger på sundretur. Svinga rundt ved Esso Det gløda inni meg. No tek eg fyr, so det so Hokus pokus vil skje. Eg er disponert for framgang Det er kje slik som du trur. Like før eg treng brannmann. Eg er kje den som snur. Skulle gått ein tur te Sundre Berre for å gå. So eg slepp å stå og undre Om det va noko eg burde sjå. Vakla mellom HÅP og Beijing Dei skulle ha slått seg i lag Med turing og med frelsing So rekk du alt på ein dag. Om du er engel eller svin Om du er blid eller sur Kinapub med pinsevennin Her kjem Tiger på sundretur. Skulle gått ein tur te Sundre Berre for å gå. So eg slepp å stå og undre Om det va noko eg burde sjå. Skulle gått ein tur te Sundre Berre tatt ein kort visitt. So eg slepp å gå og undre Om det har skjedd noko nytt. Beijing er kinarestaurant og pub. På motsatt side av vegen ligg Hol og Ål pinsemenighet (HÅP). Sundre er Ål sentrum.