Eg vil hente heim mi brur i dag Snart skal vi hyggje oss heime Eg er av tusseætt Og er ikkje verdig henne Meg eg har så sterk ein vilje Møya vil eg eige Allvis er namnet og under jorda eg bur Tor er faren til mi komande brur Han sa då til meg At "denne møya skal aldri Hentast heim av deg" Men eg har så sterk ein vilje Møya vil eg eige Tor han sett eitt krav At eg ausar av mitt krav Av visdom som eg har Tor han vil veta alt: Om himmel og alvar - dvergar og sol Om jotnar og æse - skyer og skog Og eg har så sterk ein vilje Brura skal eg ha Han gir seg ikkje med dette Om meire han vil vete Om vindar og vanar - om kneggjer og skø Om vindstille og lummer luft Han masa og masa Om låg og stavstille - om eld og flammer Om skadebrenne om skog og djupt hav Og alt i livet Og eg har så sterk ein vilje Brura skal eg ha "Og natta ho gjekk Og svar han fekk Og Tor sa: Mektig har eg sveke deg, haha, dverg Her skinner sol i salen!"