Kishore Kumar Hits

Blodsmak - Elva lyrics

Artist: Blodsmak

album: Av jord er me komne


Det driv ei elv stille gjennom sivet
Som aldri tørsta di slokke kan
Mørk og kald renn ho gjennom livet
Og vi skal kryssa ho alle mann
Å rygg så svak tunge åretak
Ingenting får du behalde
I mørke kveld, vil ho ta di sjel?
Elva er djup nok for alle
Og denne elva renn djup av draumar
Som det aldri blei noko av
Salte dråpar i strie straumar
Som vil fylle opp alle hav
Å syndeflod ditt hjarteblod
Alt det du har skal forfalle
I mørke natt vil ho ta deg fatt?
Elva er brei nok for alle
Det står ein kar der på andre sida
Han ventar tålsamt på kvar og ein
Han tek di bør, så du slepp å lida
No får du kvila deg under stein
Å tomme ord og tårespor
Har vi eit svar når ho kalle?
Å ferdamann vil du ta mi hand?
Elva har plass til oss alle
Å solefall i natta kald
Ingenting får du behalde
Med lagnadsmakt blir vi alle brakt
Elva lev lengst av oss alle

Поcмотреть все песни артиста

Other albums by the artist

Similar artists