Kishore Kumar Hits

Leif Ove Andsnes - Haugtussa, Op. 67: No. 4, Møte lyrics

Artist: Leif Ove Andsnes

album: Edvard Grieg


Ho sit ein søndag lengtande i lid
Det strøymer på med desse søte tankar
Og hjarta fullt og tungt i barmen bankar
Og draumen vaknar
Bivrande og blid
Då gjeng det som ei hildring yver nuten
Ho raudner heit
Der kjem den vene guten

Bort vil ho gøyma seg i ørska brå
Men stoggar tryllt og augo mot han vender
Dei tek einannan i dei varme hender
Og stend så der og veit seg inkja råd
Då bryt ho ut i dette undringsord
"Men snilde deg da"
"At du er så stor"

Og som det lid til svale kveldingsstund
Alt meir og meir i lengt dei saman søkjer
Og brått om hals den unge arm seg krøkjer
Og øre skjelv dei saman
Munn mot munn
Alt svimlar bort
Og der i kvelden varm
I heite sæle
Søv ho i hans arm

Поcмотреть все песни артиста

Other albums by the artist

Similar artists