Ut i skogen ligg eit lik I mørkret ligg Mi byrde og mitt svik Mitt svik, i evig mørke Framsyn om vanry, framsyn om skam Eg bar deg ut, mitt kjære barn Mitt kjære barn, fødd i dølgsmål Sviken, ofra, drepen, ikkje fekk eg leva For all tid fanga i skuggane si famn Aldri fekk eg læra, aldri fekk eg elska Alt vart teke frå meg, men hat og harme voks Lys og håp svunne og skjebna forsegla Eit liv blant dei daue med uro i sjela. Ord om det som hende, ord om hemnens time Vinden spreier soga mi til fjern og nær Opp frå grava eg meg tvang Drive av tankar om hemn Frå jord har eg kome og til jord skal du bli Utburden har vakna til liv. Lenge har eg leita etter ho som gav meg liv Ei bør på ryggen til vandrarar forbi. No er ferda over eg ser deg i det fjerne Tida er inne, ein mordar myrdast skal. Eg angrar bittert på mitt val Eg ville aldri gje deg smerte. I mine draumar eg ser at du kjem For å skjenke meg mi straff ... som eg attrår.