Så sit eg her og klemmer din hand Den som no er kald Og minna slår og strøymer i meg Frå livet du gav til du fall I kveld skal djevelen vandre sin veg Demonar skal miste si tru For eg skal vake over min skatt Og kysse eit siste god natt Den dagen då du heldt kring min kropp Og jubla over mitt skrik Du kviskra meg i øyret og sa At me var perfekte slik Eg møtte verda så hjelpelaust Men du kunne syne ei bru For du såg slik ein fager skatt Og kyste meg kjærleg god natt Eit blafrande ljos jagar skugge svart Og skremmer burt ormar og angst Din hud er så bleik under månen blank Men sjela di skal snart Få stråle langs himmelen bjart I kveld skal djevelen vandre sin veg Demonar skal miste si tru For eg skal passe på deg min skatt Og kysse eit siste god natt