Kishore Kumar Hits

Glittertind - Draumen lyrics

Artist: Glittertind

album: Blåne For Blåne


Det var natt,
Og du låg og såg i taket.
Og du tenkte du må ut -
Det kan hende det er noko
Du har gløymt -
Og at alt ikkje er ondt
Slik du har drøymt.
Så du gjekk,
Ut og dreiv omkring i skogen.
Då med eit så fekk du sjå -
Ein himmel opna seg
Så klår og rein -
Og våren lo til deg
Frå kvar ei grein.
Han sa: Per, å, du Per,
Å hei, og hopp!
– Og er du no der!
Og kjenner du ikkje,
Ikveld, ikveld,
/: at livet, det er no det likaste lell?:/
På eit strå,
Så kraup ei lita larve.
Og du tenkte det var deg –
Kvifor byrjar alt det vakre
I det små?
Kvifor vere blind for alt
Når du kan sjå?
Så du drakk,
Ut av duft frå gras og blomar.
Og du blåste frå din barm -
Alt det skrotet og
Det skrapet frå ifjor -
Det tok vinden opp
Og vifta så det fór.
Han sa: Per, å, du Per,
Ko-ko, titt-titt!
– Og er du no der!
Og kjenner du ikkje,
Ikveld, ikveld,
/: at livet, det er no det likaste lell? /:
Ja, du Per, å, du Per,
Å hei, hurra!
– No er han her!
Og det kan han kjenna
Ikveld, ikveld,
At livet, det er no det likaste lell!

Поcмотреть все песни артиста

Other albums by the artist

Similar artists