Deg å få skode er sæla å nå Gud vær det syn som mitt hjarta vil sjå Vær Du for tanken min dyraste skatt Ljoset som stråler ved dag og natt Vær Du min rikdom, mi sanning og trøyst Tal Du det levande ord med di røyst Far, lat meg væra barn her hjå Deg Kom til meg Herre, ja bu Du i meg Vær Du i striden mitt skjold og mitt sverd Vær Du det merket som syner mitt verd Livd for mi sjel, den tryggaste vakt Lyft meg mot himlen, Du makt i mi makt Rikdom og ære som menneske gjev Er ikkje meir enn den morknande vev Du er mi arv som varer til sist Himmelske Konge, det veit eg for visst Konge i æva, å lat Du meg då Sigrandre inn i Ditt rike få gå Vær Du mi tru, den vona eg bær Til eg får skode Din herlegdom der