Me minnest godt den tiå, eingong i svunne år. Nå e det lenje siå, men minnene består. Og minnene vil leva om denne svunne tid. Om dengong då dei streva med sildafisker. Me minnest dette gamla, om år og tier flyr. Den stolte flåten samla, te sildaeventyr. Me minnest vel den låten, på både sjø og land. Når heile sildaflåten gjekk ut når sola rann. Kvar kveld låg heile "klikken" og låste lastå si. På sildoljefabrikken, og kvart et salteri. Og kjerringar og ungar, ja, adle va dei med. For silla låg i dongar, og den sko saltast ne. Du høyrde kols det livde, bak kvar ein knaus og rabb. For jentene dei strevde, med jakt på "fisje-strabb". Så gjekk dei der å smilte, med friar på kvar fing. Kvar bygdagut fortvilte, for han va ingjenting. I havnå høyrdest larmen av vinsj og båtmotor. Der låg den store svermen, med sillalast ombord. Ein hektoliter ilte, i luftå opp og ne. Og svetten rann og silte, av adle så va me. Men nå e alt et minne, ifrå ei ti så va. Me gøyme det i sinnet, og det kan ingjen ta. Me har kje sillastimar, rondt øyar og rondt skjær. Og tonge arbeidstimar, kvar nott i vintervær. Me har kje sillaflåten på feltene der vest. Og høyre ikkje låten, av måkar så har fest. Men Ryvingen den blenkje, mot salte bølgers kva. Ja, kanskje den og tenkje, på det så ein gong va.