Det hev ei rose sprunge Ut av ei rot så grann Som fedrane hev sunge Av Isais rot ho rann Og var ein blome blid Midt i den kalde vinter Ved mørke midnattstid Om denne rosa eine Er sagt Jesaias ord Maria Møy den reine Bar rosa til vår jord Og Herrens miskunnsmakt Det store under gjorde Som var i spådom sagt Guds rose ljuveg angar Og skin i jordlivs natt Når hennar ljos oss fangar Ho vert vår beste skatt Me syng i englelag No er det født ein frelsar Og natti vart til dag