No har siste blome sprunge ut Det finst kraft i svartbrend jord No har den siste kjelda tørka Det finst berre daud att i berg og stein Eldsønene trampar ut av Ur-heim Dei som skapa skal riva ned Lenkjene smuldrar, latteren gjallar Eiteren renn i frå ormens gap Vargen gøyr mot den hengte gud Visdom kan ikkje brista hat Kjærleiken kvelesti flammar frå sør Daudens nagl skrapar i panna Det som vart gøymd vekk, det veltar no fram Den frie tanke og indre auge Som volva sa skal vi kjempa og døy Vårt ekko skal ljome i tida Høyr vår Ulvetone Heilt til Utgard berast han fram Og la sola sveljast heil Og la markast dyrkast opp på ny Tankane har råtna Og buskapen den svelt i hjel So lat lenka slitast av Så åkranem spirar på nytt Dei trør på Gudekvinna Dei slaktar utan sult Lat det heile brenne ned Høyr skogen pustar på nytt Makta føre hjarta Eigen sømm før æra si Ingenting til Ingenting Lat oss fødast på ny På ny På ny På ny På ny