Höyrer Harald Sigurdsson, Dei draumtegn frå brodir Olav Matkhugen må du dölje no, Ille det deg gange, Höyr no ikkje på Toste Jarl, Der han eggjar til englands å fare, Tord han hadde ein underleg draum, Og ilt tyda draumine mange. På våren i 1066 ei ferd vart förebudde, Maktglad konge i noreg rådde, Og leidang baud ive landet. Eit hundre og fem og nitti skip, Til Orknöy-jarlen dei sigla vest, Og Torfinn Jarl sine söner lest Eit hundre fleire langskip. Kom dei fram til Jordvik by då fyste slaget gnydde. Jarlen Muru-Kåre fall og Valtjov Jarl han flydde. Harald og Toste fram dei for, Men Valtjov Jarl han til dei svor, Dei riddara av kongens bord De möter med Stanford brua. Harald og Toste neste dag dei brynjelause gange, Då langt der ute soli blenkte i hjelm og brynjer mange. Englandskongen visst det er, Eg kjenner Thingmannalid sine klär, Nordmannahären rådvill er, Dei stanna ved Stanford brua. Kom dei på det råd at dei let alle saman fylke. Medan Styrkår rei til skipi ned det snöggaste han kunne. Men for å vinna tid om senn, Så bad dei Tjodolv sterke enn At han må stansa kongens menn Der ute på Stanford brua Og lenge heldt han Tjodolv stand Mot Angelsaksarkongen, Men undantil med spjot dei stakk, Så var dei over komne. Då andre slaget i ofse rann, Medan Öystein og Styrkår og alle mann Frå skipi dei sprang for å nå fram I tide til Stanford brua. Harald fram for fylkingen gjekk Og hogg til både kantar, Då flaug ei grågasfjörkledd pil Vart nordmannkongens bane. Då Öystein og Styrkår dei kom fram, Fullt kleddt i brynjer alle mann Ov slit og sprang knapt sloss dei I bakken ved Stanford brua. Då tredje slaget toko til, vart kalla Orreira Og mannefalli store vart Men nordmenn måtte flya. Så gjekk det til at Vilhjalms menn Fra Frankariket makti vann Og norrönalltingretten fall Ut der ved Stanford brua.