Margjit gjeng i lio nor Ho blæs i forgylte honn Høyrer 'a Jon i Vaddelio Det aukar honom sorg. -Det var mi å alli di Som jala her under lio - Eg sill' gjeva ut hest og sål'e. Venast i lunden gjeng, Var du Margjit så glad i meg, Som lauvet i logjen brenn Høyrer du Jon i Vaddelio, Du må inkje tala så; Eg skò hava Targjei Risvollo, Eg må meg sjølv inkje rå. Dei låg i hop den sumarnotti Innmed kvòrannans side, Notti lei og soli kom, Dei skjuldes med sorg og kvide. Dei låg i hop den sumarnotti Oppå kvòrannans arm, Notti lei og soli kom, Dei skjuldes med sorg og harm. Heimte kom Margjit fruva, Ho klappa på durakinn; Statt upp Kristi terna mi Du slepper meg fulla inn! Til så tala ho Kristi terna, Av ordi bleiv ho vreid; Det sømer ingjo jomfruve å gange på skogjen ei. Eg for vilt på viddan hei Ikringum en dvergestein Rår no Gud fyr minne færen Eg ha' snær 'kje hitta heim. Høyrer du det, du Kristi terna; Du tar'kje mine sorgjine auke; Du hev'kje sett din fø'esdagjen Sveipt'e i heljelauk'e. Det var Targjei Risvollo, Kom seg ri'and i gård, Ute sto ho Kristi terna, Ho blidt honom fagnar då Om tala unge Targjei, Han studde seg på sit sverd; Hòre er no Margjit fruva Som skrøyte sko minne ferd? Till svara Kristi terna - Ho toss vera stadd i vande: Du er' kje laga, rike Targjei Til brudgom med Margjit stande. Dé gange i stoga, dé brudemennar, Dé drikke mjød av skål! Eg vil meg i høgeloftet å høyre på hennar mål! Så breidde'n upp dei dynune Både gule og blå Blei han vare to vene sønir På kvåre armen låg. Høyr du Targjei Risvollo, Du gjere de eg be'e deg: Vil du no lata kristne Desse tvei Drenjgin' fyr meg? Ja, eg skò lata kristne dei, Eg drygjer inkje lenge, Og ingen skò få det vita, Fyrr dei er tvei vaksne drengjir Targjei let'e seg kvende kle Med bån under kvåre hende; Det var Mrgjits støsste gle'e At ingen Targjei kjende Targjei stende under kyrkjeveggje, Med drengjine moldi båre Så var det honom inna kle'es Som eggjine holdi skåre. Høyrer du rike Targjei, Hot eg spørje deg må; Hór gjorde du av bonni dei Som eg fødde i gjår? Høyrer du Margjit fruva, Du bere ingjo kvide: Presten i løyndom kristna dei, Dei sova i moldi vigde. Ven'e var no hesten den Han sjave Targjei rei, Endå venare gangaren Han akta sinne møy. Det varTargjei Risvollo, Reiste med sorg og sut; Laus løyp'e brurehesten Etter Risvollo ut.