Kishore Kumar Hits

Gåte - Isdalkvinna lyrics

Artist: Gåte

album: Svevn


Det spørs ei gåte omkring ei kvinne
Som var i Isdalen daud å finne
Der vonde minne er grodde inne
Eit lik av jente, så kvesta, kverka
Imellom steinar låg brennemerka
Det var så bannlyst det heile verka
Kven var den døde og røyselagde
Som så med spora og opphav tagde
Og aldri namnet sitt likeins sagde?
Gud hjelpe sjeler
Som herom fer
Kring Svartediket
Der dauden er
Var ho ein flyktning frå sjølve livet
Som ikkje ville ha noko skrive
Den dag ho måtte til dauden trive?
For lygn og sanning har kvar sin måte
For Isdalkvinna har ingen gråte
For einkvar grundar me på ei gåte
Gud hjelpe sjeler
Som herom fer
Kring Svartediket
Der dauden er
For lygn og sanning har kvar sin måte
For Isdalkvinna har ingen gråte
Og alle er me vår eiga gåte

Поcмотреть все песни артиста

Other albums by the artist

Similar artists