Å, det var rike Rodenigår, Han rir åt skogen aleine, Så høyrde han den ørni gol, Ho rister å sjek sine venger. - Der gjele ei ørn i Beiarlunden so lenge "Høyrer du rike Rodenigår, Kvi rir du i skogjen aleine? Kor er din hauk og kor er din hund, Kor er dine raske hovdrengjir?" - Der gjele ei ørn i Beiarlunden so lenge "Dei tvo dei er på villande hei, Dei aktar dei dyri skjote; Dei andre tvo er på breian fjord, Dei aktar den bylja brjote." - Der gjele ei ørn i Beiarlunden so lenge "Høyrer du rike Rodenigår, Kva hev du laga til koste? Dagane ein og båe tvei Vil eg deg heime gjeste." - Der gjele ei ørn i Beiarlunden so lenge