Ein haustdag på fjellet Gjeng ei kjerring med rive Daudens raude dotter Et fingrar frå eit knyte Med handi for augo Skyggjer ho for soli Ho fer gjenom heimen Der svartedauden fór I dei gule augo Lyser bjarte hatet Blodet strøymer yver skallen Eit skaut frå farne dagar "Dauden den raude Eg skal vitja kvar gard Sope kvar krok" Mekrar kjerringi "I jordi med kristenfolket Fyrr gjev eg meg ikkje Raudedaudens rive Vert det siste dei ser Eg matar flugor og rottor Med deim som rudde landet Ingen gnagar skal svelte Ingen rovfugl hungre Kvar knok fram i dagen Ut i soli med kvart bein" I stilla etter heksi Ligg vangane aude