Massar vel massar Vox vulgi vulgarisque Sjøl vel eg meg burt Frå grunne dustadorer Fri frå radioti Frå prat og mas med plonk Popbutikk med platt lyrikk Skit vil ingen hava Av røyndom vart eg råka Dei smale dikts dygd Slik skal lesingi vera Låke sjelers ligg Eg hatar tumsutainment Tusund timar hev dei teke Det heile er so verdlaust Fata det fyrr du døyr Dei rusar seg på dumskap Tykkjer mange tyder rett Berre massen trur på massen Det er grøtelegt, men sant Mobil og sigarett Held keisemdi på fråstand Akk den arme masseladd Eg ser han allstad Eg vel smalgangen For der er plassen størst Smalhans kann eg kallast Um eg tarv eit namn Eg gjeng mot fåmannsveldet Vitets vidd i verdi Dei heimlegare bokskåp Som ikkje gjev ved døri