Monge sit med spørsmål, på søken etter svar Dei fleste leitar baklengs og kun på det som var På leit etter lykke, på leit etter ro Men liten vert han som kun vil søke ho Stemma innst i øyra, den sei kar du skal gå Kviskre stygge tanka, som du lyt høyre på Gamle skuggar jagar deg, på flukt rundt i ring Tankane vert fanga av ein vind Høyr på lyden av livets sang Sett deg å ned lytt til han Store spørsmål, vert oftast små For i mørkre er alle ulvar grå Du følge gamle fotspor, prøver å nå fram Bjøllesauden ringer og det er som han leder ann I enden av ein fargespel og leitar etter gull Skuggane dei dansar, du ender opp i null Høyr på lyden av livets sang Sett deg å ned lytt til han Store spørsmål, vert oftast små For i mørkre er alle ulvar grå Leit etter lykka Leit etter ord