So rodde dei fjordan, so køyrde dei strondi. So rei' dei lidan, so vassa dei sundi Og heggeliljune duppa i bakkan, Paa kyrkjegolvstiljune inn svinga stakkan' Det var Liv og Tone, og Rannei og Gyri, Og Gamla paa Fjone, lett trippa fyri. Det var Knut og Livaar, og Sveinung og Tore, Og buggen sin Styrkaar fraa Utigaard Jorde. Og inn dei seg sessa paa kvaare si side, So lydde dei messa med' tanken ro/k vide. Og Knut saag paa Tone, og Rannei paa Livaar, Og Gamla paa Fjone laut tenkje paa Styrkaar. Daa klokka ho klemta og kvendi sukka Og karane kremta og ut dei seg tukka. Og sunnan og norran dei helsa i hendan So rodde dei fjordan, so køyrde dei strendan.