Kishore Kumar Hits

Lynni Treekrem - Mot Soleglad lyrics

Artist: Lynni Treekrem

album: Haugtussa


Det stig av hav eit alveland
Med tind og mo;
Det kviler klårt mot himilrand
I kveldblå ro.
Eg såg det tidt som sveipt i eim
Bak havdis grå;
Det er ein huld, ein heilag heim,
Me ei kann nå.
Ho søv, den fine tinderad
I draume-bann;
Men so ei stund ved soleglad
Ho kjem i brand.
Når dagen sig som eld og blod
I blåe-myr,
Det logar upp med glim og glod
Og æventyr.
Det brenn i brè og skjelv og skin
Med gullan-bragd,
Og lufti glø'r i glans av vin,
Sylv og smaragd.
Men av han døyr, den bleike brand,
Som slokna glod,
Og klårt som fyrr ligg alveland
I kveldblå ro.
Eg lengta tidt på trøytte veg
Der ut til fred;
Men landet fyrst kann syne seg
Når sol gjeng ned.

Поcмотреть все песни артиста

Other albums by the artist

Similar artists