Eg syng om ei jenta Som sit på ein buss Ho kikkar tilbake Mot der ho var nyss Men då ser ho månen Som strekkjer sitt skin Mot bussen og jenta Og fangar dei inn Ho ville til byen Til stas og til mas Ho prøvde om draumen Tålte røynda sitt ras Ho reiste og reiste I håpet sitt far Men fann aldri staden Der målet no var Og når ho lukkar augene og syng Er det ho ser Er det dette ho ser Og når eg høyrer kva det er ho syng Så er det songar som Lengtar heim Så var det ei jenta Som sat på eit tog Som ville tilbake Dit heimlandet låg Så sleppte ho taket Og steig av sin draum Og flykta tilbake Til månen sin flaum Men når ho lukkar augene og syng Er det ho ser Er det dette ho ser Og når eg høyrer kva det er ho syng Så er det songar som lengtar ut Nokon reiser, andre dei blir Men alle lengtar heile si tid Kvar me vandrar Søkjer me heimen Om me finn han Vil me oss vekk Og månen han ventar Og månen han skin Han veit at han hentar Og fangar ho inn Ein dag ho er slagen Ein dag ho er rein Han tek ho i kragen Og fylgjer ho heim Og når ho lukkar augene og syng Er det ho ser Er det dette ho ser Og når han høyrer Kva det er ho syng Så er det songar som lengtar heim