Kishore Kumar Hits

Herborg Kråkevik - Den gladaste dama lyrics

Artist: Herborg Kråkevik

album: Annleis enn i går


Ho lever kvar dag som om den var den siste
Ho smiler som om det var noko ho visste
Og køyrer ho bil, så er det ein rosa
Ho les berre dikt, har'kje stunder til prosa
Ho treng ikkje planleggja tur nummer to
Når ho er på den fyrste
Nei, ho gler seg til no
Og ho kler seg i festkjolen måndag til fredag
For ho kjenner ein frist og ho kallar han d-dag
Ho er den gladaste dama eg kjenner
Ho strålar som om ho var tent
Ho sydar og boblar og brenner
Frå ei kjelda eg aldri har kjent
Ho er den gladaste dama eg kjenner
Eit makalaust menneskesinn
Men ho teljer sine dagar,
Sine timar og minutt
For ho veit;
Ein dag er det slutt
Ho minner oss om at me må vera glade
Og takksame uansett korleis me har det
Om vinden som vaiar i voldsomme tre
Eit alvor me alle må leva med;
Me har dette livet, ein dag og eit år
Me får våre perler og me får våre sår
Me har ikkje lov til å gå her og deppa
Me har ikkje lov til å ynskja å sleppa
Rommet er kaldt
Kvitt overalt
Systre som steller
Vener som græt
Veit at det kjem
Veit det er nære

Поcмотреть все песни артиста

Other albums by the artist

Similar artists