Kishore Kumar Hits

Arve Moen Bergset - Den Bortkomne Sauen; Folketone Frå Telemark lyrics

Artist: Arve Moen Bergset

album: Litle Fuglen - Arve Moen Bergset, Kveding


Langt innpå ville hei' i kalde vêr og vind
Der gjekk den ville sauen visste korkje ut hell' inn
Han gjekk og sveiv og dreiv der, åleine att og fram
Med storm og uvêr rasa, og liti mat han fann
Men hyrdingen han sakna den sau som burte var
Og utpå leiting fór han i fjell og dal og skar
Til sist so fann' han sauen forkomen, trøtt og arm
Og la han uppå herdi med kjærleik, mild og varm
Og no var sauen frelst ifrå kulde, naud og natt
Og hyrdingen seg gledde fordi han fann' han att
Han kalla saman vener, dei gledde seg i lag
Fordi den ville sauen var komen heim i dag
Ja, ég var denne sauen som gjekk på ville veg
Og Jesus var den hyrdingen som leita etter meg
Han frelste meg frå syndi' og gav meg hjartefred
Og difor vil eg lova han i tid og evighet
I himlen blir det glea' når ein syndar vender om
Ifra den myrke vegen som er så kald og skum
Høyr hyrdingsrøysti kallar, kom heim fra ville veg
Så vert du frelst frå syndi som ned mot myrkret dreg

Поcмотреть все песни артиста

Other albums by the artist

Similar artists