Ei eldraud kveldsol sig i hav Og her i avdagselden Kan hjarta gløyme krav og kav Og kvile ut i kvelden Ei furu står i skrinne jord Det susar lint i baret Småbåror kviskrar løynde ord Til bløretang og tare ♪ Dei bårene som går mot land Og syng si same salme Dei rullar og mot framand strand Med mandeltre og palme Det ropar røyster i meg; Kom! Til andre land og lende Men kjenner milde hender som ♪ Dreg tanken stilt attende Langt ute høyres bylgjebrot Sjøfuglen ber seg ille Draugen ror sin halve båt Mot natt og skymingstille Ei eldraud kveldsol sig i hav Og her i avdagselden Kan hjarta gløyme krav og kav Og kvile ut i kvelden