Skulle satt meg ned med meg Om eg var deg Sagt eit varmt god dag, kan eg sitte her? Med deg Skulle sagt at regnet snart forsvinn Skulle mint meg at sola vinn Skulle sett eg var litt skør Om eg var deg Haurt mi unge bør alt eg ikkje tør Når eg er meg Skulle sagt at allting ordnar seg Sjølv om livet tek ein kronglete veg Men no droplar regn på vår rute Vi kjem, sit og går Kvart eit andlet ber historier Redsler, smil og gråt Det er stille morgonstund på buss nummer ni Skulle reist meg opp for meg Om eg var deg Bak dei sakte trinn syng mitt unge sinn Som deg Skulle sagt at menn med hatt er flott Og at damer med blåe hår er topp Skulle spurt meg kvifor eg kom Om eg var deg Sett forbi mitt slør, vore systre og brør Om eg var deg Skulle haurt ei god historie Skulle le av dei same ting Men no droplar regn på vår rute Vi kjem, sit og går Kvart eit andlet ber historier Redsler, smil og gråt Det er stille morgonstund på buss nummer ni