Han har ikkje stund til å stogge Og ikkje tid til å sjå. Menneska som han møter Dei ansar han aldri på. Mangt har han å rekkje over. Det gjeld um å fara fort. Mykje var det å gjera. Det auka dess meir han fekk gjort. Mangt har han å rekkje over. Det gjeld um å fara fort. Mykje var det å gjera. Det auka dess meir han fekk gjort. Fekk gjort. Så lid det til endes med dagen. Han står der, studd over stav Og spør: Kva har livet gjeve Og kvar er det vorte av? Slik jaga han gjennom livet Utan å få det fatt. Ei glede sprang etter på vegen Men nådde han aldri aldri att. Nådde han aldri att.